13-19 Januar
2025
Vi gir deg forsking og fakta om Arktis og Antarktis. Vi gir staten Noreg faglege råd i polare spørsmål.
Tromsø har sidan midten av 1800-tallet vore eit sentrum for forskarare og fangstfolk som skulle nordover. Byen var ei viktig utrustningshamn – og har med rette blitt kalt Porten til Ishavet. Då skutene vendte heim, gjekk karane ofte på Ølhallen og fortalde om dramatiske opplevingar i isen. Dette satte preg på byen – og ishavskulturen sto sentralt i Tromsø-identiteten.
Norges Svalbard- og Ishavs-undersøkelser, føreløparen til Norsk Polarinstitutt, blei oppretta i 1928. Den gong var det mange som argumenterte for at kontoret måtte liggje i Tromsø. Slik gjekk det ikkje, men i 1993 vedtok Stortinget å flytte instituttet nordover frå Oslo.
Vandrar du frå Tromsø sentrum til Hålogaland teater for å sjå film, passerar du Framsenteret der polarinstituttet sitt hovudkontor ligg i dag.
* * *
Vil du sjå kva hva forskarane gjer i felt og lære meir om nord og sør?
Sjå Norsk Polarinstitutt på Instagram
Vil du få med deg arrangement som Polar bokkafe, fredagsforedrag og polare nyheitar?
Følg gjerne Norsk Polarinstitutt si offisielle Facebook-side
* * *
Norsk Polarinstitutt er eit direktorat under Klima- og miljødepartementet som skaffar vitskapeleg kunnskap, kartlegg og gir faglege og strategiske råd til norske myndigheitar.
Vi er til stades i Arktis og Antarktis. Vi har kontor i Tromsø og Longyearbyen (Svalbard) og driver forskingsstasjonane Troll i Antarktis og Sverdrup i Ny-Ålesund (Svalbard). Vi gjennomførar ekspedisjonar og eig eit av verdas mest moderne forskingsskip, isbrytaren «Kronprins Haakon». Instituttet er miljømyndigheit for Bouvetøya (Sørishavet) og for norsk aktivitet i Antarktis.
Norsk Polarinstitutt er stolt av å vere ein av TIFFs partnare!
TIFF er ein internasjonal filmfestival som gjer oss ny kunnskap og nye perspektiv på verda. Spesielt sideprogrammet, Film fra Nord, er ein viktig plattform for nordområdane og Arktis, som er ekstra sårbare for klimaendringane.