19-25 Januar
2026
Hitlers eigen filmregissør har ho vorte kalla, men Leni Riefenstahl var meir enn det – ho var ei nybrottskvinne bak kamera. Ho fanga fabelaktige detaljar på film, men gjekk ho glipp av det store bildet om kva som føregjekk i heimlandet på same tid?
Viljens triumf gjekk sin seiersgang frå den hadde premiere i 1935 – framragande foto og nyskapande forteljarteknikk gjorde at det i ettertid har blitt sett på som nazistane sin mest effektive propagandafilm, og i samtida vann filmen den gjeve Gulløva på filmfestivalen i Venezia. Publikum skjønte kanskje ikkje kva for eit apparat Adolf Hitler sette i gang på denne tida, men skjønte regissøren bak meisterverket det? Leni Riefenstahl har ikkje kome godt ut historisk sett, men ho heldt til siste slutt på at ho ikkje visste noko. Etter Viljens triumf laga ho dei tilsvarande iaugefallande dokumentarane om OL i Berlin i 1936. Eit oppgjer etter andre verdskrig frikjente henne under tvil for anklagane om medverknad til krigsforbrytelsar, men det skulle ikkje vera nok for å få innpass i den filmskapande varmen igjen. Gjennom ei rekkje intervju og tv-opptredenar Riefenstahl gjorde gjennom åra har regissør Anders Veiel set saman ein djuptpløyande, nyansert dokumentar om henne. Publikum lyt sjølve stilla seg spørsmåla om skuld sett i etterpåklokskapens nådelause lys.
Filmen er vald av filmkritikar Brit Aksnes.
Anders Veiel (f. 1959) vaks opp i Tyskland og debuterte som tv-regissør i 1992. Tilgangen hans til alle arkiva er det som verkeleg gjer Riefenstahl til eit viktig dokument over den omdiskuterte filmskaparen. I tillegg til fleire dokumentarar var Veiel nominert til Gullbjørnen på Berlinalen for spelefilmen Hvis ikke oss, hvem så? (2011).
2020 Ökozid
2017 Beuys
2011 Hvis ikke oss, hvem så?
2001 Black Box BRD
Kl 09:00
Fokus 5
Kl 19:30
Intro
Fokus 4
Program: | Kritikeruka |
Regissør: | Andres Veiel |
Land: | Tyskland |
År: | 2024 |
Spilletid: | 1t 55m |
Manus: | Andres Veiel |
Medvirkende: | Ulrich Noethen, Leni Riefenstahl |
Språk: | Tysk, Engelsk |
Undertekster: | Engelsk |
Kilde: | Edge Entertainment |
Aldersgrense: | 15 |